To konserverte produkt: ekte surkål og kirsebærsyltetøy Naturen er ein sirkel av liv og død. Han gjev oss grøde i form av råvarer, og etter ei tid tek han råvara tilbake, slik at ho blir til jord og næring for nye råvarer ( Riddervold, 1996, s. 13). Slik er « det store spelet» vi kallar livet. Vi menneskje, og kanskje særleg her i Norden, har vore avhengige av å «jukse» i dette spelet for å halde oss i live gjennom dei kalde og lange vintrane. Dette har vi gjort ved å konservere maten, og det er i stor grad det nordisk tradisjonsmat handlar om. Konservering blei gjort for at ikkje mugg, bakteriar, gjær og enzym skulle øydeleggje maten før ein skulle setje han til livs. Forfedrane våre hadde nødvendigvis ikkje særskildt greie på kva som skjedde på mikronivå når maten blei dårleg eller kvifor han blei det. Dette har vi fyrst funne ut på 1900-talet gjennom moderne vitskap (ibid). Likevel greidde forfedrane våre å konservere maten på ein god måte ved hjelp av sin eigen empiri: tra...
Innlegg
Viser innlegg fra september, 2019