Familiedag på Haueleite
Volda bygdetun. Foto: sunnmore.museum.no Søndag 22. september 2019 arrangerte MKK-studentane familiedag på Haueleite i høve Forskingsdagane i Volda. Haueleite er eit tun med gamle sunnmørshus som tilhøyrer Volda bygdemuseum. På tunet hadde vi fem ulike postar der vi formidla konservering og tradisjonsmat til born og vaksne. Eg og Liz Torine Enerhaug hadde tatt på oss å steike potetkaker, og alt i alt vil eg seie det blei vellukka på tross av at vi hadde ein del problem under oppstarten. Soga om poteta Føremålet vårt med å steike potetkaker var i stor grad å formidle soga om poteta i Noreg. Poteta er opphavleg frå Andesfjella i Sør-Amerika, og kom fyrst til Noreg på 1700-talet. Sjølv om poteta er ein folkekjær rotvekst i dag, blei ho ikkje særleg godt motteken i byrjinga (Riddervold 1996, s. 88.89) . Mellom anna oppsto diverse ovtru rundt poteta, og ho blei gjerne kalla "djevelens verk" av di ho veks under jorda og heller ikkje er nemnd i bibelen (Granheim ...