Familiedag på Haueleite

Volda bygdetun. Foto: sunnmore.museum.no

Søndag 22. september 2019 arrangerte MKK-studentane familiedag på Haueleite i høve Forskingsdagane i Volda. Haueleite er eit tun med gamle sunnmørshus som tilhøyrer Volda bygdemuseum. På tunet hadde vi fem ulike postar der vi formidla konservering og tradisjonsmat til born og vaksne. Eg og Liz Torine Enerhaug hadde tatt på oss å steike potetkaker, og alt i alt vil eg seie det blei vellukka på tross av at vi hadde ein del problem under oppstarten.


Soga om poteta

Føremålet vårt med å steike potetkaker var i stor grad å formidle soga om poteta i Noreg. Poteta er opphavleg frå Andesfjella i Sør-Amerika, og kom fyrst til Noreg på 1700-talet. Sjølv om poteta er ein folkekjær rotvekst i dag, blei ho ikkje særleg godt motteken i byrjinga (Riddervold 1996, s. 88.89). Mellom anna oppsto diverse ovtru rundt poteta, og ho blei gjerne kalla "djevelens verk" av di ho veks under jorda og heller ikkje er nemnd i bibelen (Granheim m.fl 2019). Det er opplysingsprestane (også kalt potetprestar) som skal ha mykje av æra for at poteta blei teken meir og meir i bruk. Dei tala poteta si sak for kyrkjelydane sine og fekk bukt med mykje av den folkelege ovtrua som var knytt til den nye eksotiske veksten (Ibid). I byrjinga brukte ein poteta mest som mjølerstatning og potetene blei molne opp og blanda i lefser, potetballar og andre mjølbaserte rettar. Det var ikkje før seinare det blei vanleg å koke poteta og servere henne til kjøt eller fisk (Notaker 2006). Her kjem potetkakene våre inn. Vi har ikkje kunne tidfeste opphavet til potetkaka, men vi kan resonnere oss fram til at dette kan ha vore ein av dei fyrste rettane ein lagde med potet iom at ingrediensen skal fungere som ei mjølerstatning.


Førebuingar

Vi delte arbeidsoppgåvene mellom oss. Eg fekk ansvar for å skrive om poteta si historie, medan Liz Torine skulle lage plan for dagen, handle ingrediensar og setje saman pamfletten som vi skulle dele ut til dei som kom på vitjing. Vi prøvde ut oppskrifta heime på kvar vår kant, og begge fekk det godt til. Dagen før kokte og skrelte vi kvar vår halvpart poteter heime som vi tok med oss til Volda. I tillegg grov eg opp ei potetplante i kjøkenhagen til mor mi som skulle vere ein del av utstillinga vår. Eg følte at vi var godt førebudde til sjølve dagen.

Ein (noko vissen) pimpernel møtte gjestane våre i det dei kom inn. Foto: Liz Torine Enerhaug.

Dagen på Haueleite

Eg og Liz møttest på skulekjøkenet for å finne fram utstyr og lage potetkakedeigen. Oppskrifta vår var enkel og grei:

-9kg mandelpotet (det er viktig med ein mjølen sort slik at kakene heng godt saman)
-9dl kremfløyte
-6 ts salt
-Byggmjøl på augemål

Deretter tok vi med oss det vi trong og reiste til Haueleite. Det fyrste som slo oss då vi var på plass var at døra til Sengjabuda – huset som vi hadde blitt tildelt – var stengd. Dette, i tillegg til at vi måtte bruke tid på å leite etter høveleg skøyteledning til takkene våre, gjorde at vi byrja å få knapt med tid. Vi hadde tenkt at vi skulle få steikt opp eit lite forråd av kaker allereie før dei fyrste gjestane kom, men dette blei det ikkje tid til. Allereie då vi steikte dei fyrste kakene var det om lag 10-15 svoltne sunnmøringar i ulike aldrar som samla seg kring takkene våre for å sjå på, delta i steikinga og ikkje minst ete potetkaker med brunost og sirup på. Dette førde til eit voldsomt stress fordi både eg og Liz erfarte at deigen oppførte seg heilt annleis på Haueleite enn den gjorde heime på våre eigne kjøken. Vi hadde eit svare strev med å få leivane til å henge saman, og når vi fyrst følte at vi hadde laga ein dugande leiv, festa han seg sjølvsagt til takka. Alt dette skjedde samstundes med at vi måtte ta i mot folk og formidle fagkunnskap. Audmjukinga var på sitt største når erfarne husmødre gav oss, "ekspertane" i potetkakesteiking, råd om korleis vi skulle gjere dette på best måte. Heldigvis kom faglæraren vår, Kari Ryslett, og gav oss gode råd om at vi måtte jobbe meir med deigen og bruke meir mjøl på bordet når vi laga emner. Dette hjalp ein heil del, og etter kvart som vi fekk dreisen på steikinga blei det moro. Eg fekk inntrykk av at både dei vaksne og ungane sette pris på posten vår.

Estetikken er på plass! Foto: Ådne Øsleby.
Potetkakene var populære blant ungane. Foto: Liz Torine Enerhaug.
Her har eg endeleg fått dreisen på kakene. Foto: Liz Torine Enerhaug.



Nokre tankar om dagen

Då vi var ferdige for dagen var vi slitne, men nøgde. Kaffien som Liz hadde kokt fekk vi ikkje tid til å drikke ettersom dagen gjekk i eitt. Det er to ting som eg skulle ynskje gjekk annleis. Det fyrste punktet er at vi hadde for dårleg tid. Dersom vi hadde hatt betre tid i byrjinga, kunne vi ha steikt opp nokre potetkaker på førehand, og vi ville ikkje blitt like stressa av at det kom så mange folk på ein gong. Det andre punktet er sjølvsagt at deigen ikkje samarbeidde. I byrjinga trudde eg det var fordi vi hadde brukt mindre mjøl enn eg har pleidd å gjere heime, men i ettertid har eg høyrt om folk som lagar vellukka potetkakter med særs lite mjøl. Feilen var nok heller at vi hadde stampa potetene for dårleg på førehand, slik at kakene ikkje hang godt nok saman. Kanskje skulle vi til og med hatt ei kvern som vi kunne brukt til potetene, slik at det kunne bli meir ein meir mjølaktig konsistens på dei.

Slitne, men nøgde! Foto: Hege Andreassen.


Kjelder
Granheim, U.K. (2019, 17.januar). Potetens historie i Norge. Henta frå: https://ndla.no/nb/subjects/subject:37/topic:1:18665/topic:1:186087/resource:1:158244
Notaker, H. (2006). Mat og måltid. Oslo: Aschehoug.
Riddervold, A. (1996). Konservering av mat. Oslo: Teknologisk forlag.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Takke- og julebakst