Innlegg

Viser innlegg fra november, 2019

Takke- og julebakst

Bilde
Forrige MKK-samling handla om korn. På torsdagen hadde vi førelesningar om kornet i eit historisk perspektiv, og på fredagen laga vi flatbrød, ulike slag lefse og ikkje minst søst. I heimelekse fekk vi i oppdrag å lage to produkt: ein takkebakst og ei julekake. Sjølv har eg laga fiskelefser og strull. Fiskelefser Tradisjonelt har brød (flatbrød og lefser) blitt servert til alle måltid utanom graut (Notaker, 2006, s. 237). Det ein åt attåt brødet blei kalla sul, og det var gjerne slik at jo meir sul ein hadde til brødet, jo finare var måltidet. Derfor kan ein tenkje seg at ein såg på brødet som noko "drygde" ut maten og fekk han til å vare lenger og mette fleire magar. Men likevel blei det servert brød til dei gjevaste måltida i året, og kvaliteten på brødet var nok også viktig. Her i indre Nordfjord er det vanleg mange stadar å ete såkalla fiskelefse til ribba (ribbe av sau/lam) på julekvelden. Dette er ei tynn usmurt kveitelefse som nok har vore vanleg å servere til mange...

Konservering av kjøt: spekelår av kje

Bilde
Når laua på trea gulnast og dett på bakken og utetemperaturen fell, då er det slaktetid. Den 25. oktober 2019 samla MKK-studentane seg på garden til Eli og Nils Martin Romestrand i Barstadvika for å vere med på å slakte tre lam. Dette var ei lærerik oppleving der vi ikkje berre fekk vere med og sjå på, men også delta aktivt i flåinga. Etter denne studiesamlinga skulle vi studentane konservere eigne kjøtprodukt og dokumentere prosessen. Sjølv har eg valt å lage spekelår av kjekjøt. Slaktedag i Barstadvik Då Nils Martin og sonen henta det fyrste lammet som skulle på slaktebenken, fekk stemninga eit drag av alvor i seg. Likevel verka det som om alle studentane tok slaktinga veldig greit, og lamma ante nok ingenting på førehand om den lagnaden dei skulle få. Etter sjølve avlivinga skulle studentane hjelpe til med ymse oppgåvar. Nokre blei sett til å røre blod, somme skulle hjelpe til å bere slakta eller halde ein fot og nokre fekk også hjelpe til med flåinga. Sjølv fekk eg eit sauehovud...